No har eg endelig fått muligheten til å
slippe til her på bloggen eg også.
Vi er no halvvegs i opphaldet. Ida sit
andre opphald og mitt femte opphald her i Dullstroom. Dullstroom er ikkje
akkurat ein plass der det skjer veldig mykje, og er derfor ein heilt perfekt plass å dra på samling til. I år er vi her ganske
tidlig på året, så det er ikkje så mange andre løparar her, men vanlegvis er
det ein 20-25 andre her. Dei kjem først og fremst frå Skandinavia og Tyskland.
Eg føler at eg har lært mykje for kvart
opphald og ser i ettertid at spesielt under det første opphaldet gjorde eg ein
del feil. Dette gjaldt først og framt fart på langturane, utfordringar med å
sove og å få i seg nok energi. For kvar gong synast eg akklimatiseringa til
høgda har gått lettare og lettare. Eg har også kjørt veldig mykje det same
treningsopplegget frå år til år, med berre nokre mindre justeringar og eg trur
eg har funnet eit opplegge som fungere for meg. Det har bestått av ganske mange
kilometer og hardøkter i I3 kvar tredje til fjerde dag. Etter at Ida begynte å
bli med har vi også hatt med posar med brødmjøl og bakt eiget brød, som har
gjort det enklare å få i seg nok energi.
Sjølv om mange trur at kvardagen min
umulig kan vere så stressande til vanlig,, så er det utruleg godt å komme ned
hit og berre fokusere på treninga. Dei første åra hadde eg ingen internett,
medan no dei to siste har vi kjøpt mobilnett. Det går ikkje så fort, men det
held til å oppdatere oss på omverda. Resten av tida går med til lesing eller å
sjå på ein av dei 200 TV-kanalane. I år er det dårlig med både cricket og
tennis, s så det blir mest TV-seriar av diverse kvalitet. Det blir også veldig tidlig mørkt så eg er
ofte trøtt nok til å sovne kl 20.
Dette vart litt om alt, neste gang blir det meir om mindre!
Olav
Hei Olav,
SvarSlettDet var hyggelig å høre fra deg også. Vi følger spent med. Kristian, farmor og jeg er på hytta i helgen. Vi skal ut på den svenske landsbygda og spise lunsj og få litt julestemning. Alle hilser. Klem Hege
Var ikke så mange leveregler her, kan du ta litt mer om levereglene dine i det daglige? Hvilke klær skal Olav ha på seg? Hvordan pusser Olav tennene? Hvordan skal man lese avisen? Hvilke regler følger du, som du mener andre burde følge?
SvarSlettVi får se hva det blir. Mange gode forslag du kommer med her ;-)
SvarSlett